Endeleg nokon i Jostedalen som bloggar om anna enn ski, fjell og turar, spør de meg! Og det gjer de jo no. For framtida er de alle inviterte til dei store spørsmåla i Krundalen: Kva for ullvaskemiddel er best? Kvifor et ikkje fleire småbarnsfamiliar middag på kafeen på sundagar? Kvifor får me ikkje fartshumpar i Krundalsvegen? Kva gjer ein med sprittusj på ubehandla kjøkentrebenk? Kven pokker er Anne Viken?
Og her høyrer me brøytetraktoren fer forbi i denne augneblinken. Kven hadde trudd det?
april 13, 2007 kl. 4:34 pm
[...] det høgsesong for no. Sidan rypa gjekk høgt ut på bana imot bloggar som handlar om ski, fjell og turar, får eg ta meg av å leggja ut nokre få av dei 260 påskebileta me sit [...]