Jostedalsrypa

april 10, 2007

Jostedalsrypa er ikkje ein flopp. Somme jostedøler vart leie seg etter at eit par arkeologar fann ut at vitle rjupa likevel ikkje var åleine i dalen den gongen på 1300-talet. Men det er ingen grunn til å deppe – Jostedalsrypa lever i beste velgåande som myte og segn. At det vart ein del presse kring henne og Jostedalen i kjølvatnet av forskingsfunna for eit par veker sidan er jo elles slikt som jostedøler kan like. Ikkje ein dag utan Jostedalen i Sogn Avis!   

Mange vil kanskje hevde at eg er sjølvoppteken nok til å karakterisere meg sjølv som ei rype, men det er no ein gong slik at eg grabba til meg domenet og firmanamnet Jostedalsrypa for eit par år sidan. Domenet er enno ikkje i bruk, og for den del ikkje einmannsføretaket heller – sjølv om eg har fått mang ein reklamepenn i posten inngravert “Jostedalsrypa Eli Bjørhusdal”.  Men berre vent, eg skal koma um inkje so braatt. Og no er altså Jostedalsrypa etablert som bloggnamn. Så gjeld det å etterfylle med substans. Det er ei utfordring for mange bloggarar, og det skal eg kome attende til.

21 kommentarar til “Jostedalsrypa”

  1. Karin Seier:

    Ditta lova bra:) Veit du forresten korleis ein tek vekk sprittusjen frå disken?? Eg har litt på min og vil ha det vekk…

  2. Anne Marte Seier:

    Veit ikkje heilt om eg ville ha teke rupenamnet etter framsyninga pa paskerevyen…

  3. eies Seier:

    Skal spørja vaktmeisteren på LUS. Han har visst eit fantastisk stoff.

  4. rypa Seier:

    Sjå der! Me treng ikkje gå på besøk til kvarandre meir, me bloggar berre. Kult.

    Beste tips mot sprittusj: Gje fan og vask over eit par gonger for dagen (som ein jo som regel gjer med kjøkendiskar) og det er sånn cirka vekke etter eit år. Eller – på det tidspunktet har ein jo vorte van med saken.

    By all means: Vaktmeistertips er bra greier.

  5. eies Seier:

    Var det so atte du (de) HADDE problem med sprittusj på kjøkkenbenken (disken), eller var det so atte du (de) IKKJE HADDE problem med sprittusj på kjøkkenbenken (disken)… :-(

  6. Karin Seier:

    haha! Eg teke rådet til rypa.. det er minst arbeid:) Og du har heilt rett : no sleppe eg å gå ut døri for å vere sosial…. framtiden er fantastisk;D

  7. rypa Seier:

    Jaujaujau, me HAR eit sprittusjproblem, men eg HAR og funne ei løysing, men denne løysinga ER berre halvgod. Fytti så gøy det er å setje nesten alle verb i versalar! Sant Einar?

  8. siribente Seier:

    I vaskebransjen har me ein kvit Superpad som me brukar på svarte merker. Etter å ha duppa den i vatn og gneka, så har den fjerna alt som er svart og eit problem. Kan ikkje hugse om eg har brukt den på sprittusj, men vil nok tru den fjerna det og. Om det er interesse så kan eg sikkert få tak i nokre Superpadder til dykk. Men det blir dyrt.

  9. anki Seier:

    her var det mykje snakk om kjøkkenbenker… veit de at eg mest sannsyneleg får montert drøymekjøkkenet mitt neste veke, og der skal søren snute meg ikkje komme noko sprittusj på so lenge eg regjerar =) (er i alle fall lov å håpå)

  10. Karin Seier:

    Ta det med ro – eg tek herved på meg jobben å få tusj på benken til Anki! Ho kan no ikkje ha ein kjøkenbenk uten svarte merker; det må no sjå ut som han er i bruk! :D

  11. rypa Seier:

    Tusj. Blåbær. Økologiske jordebær frå han Åne. Blod (VRÆÆL, mamma, eg må ha eit PJINSESSEPLÅSTEJ!) Alt i hop er like fårleg, Anki. Kva type kjøkenbenk skal de ha, då? Eg angrar på at me ikkje slo til med heile skiten i granitt eller betong eller kva det heiter.

  12. anki Seier:

    Me skal ha ein bit granitt – og so laminat plate eller noko slikt – valnøttfarga… betong er vel litt drastisk? Men eg skal jo ha stein-vask då =) So etter dei ørten glasa eg på mystisk vis klarde å knuse heilt utan å prøve på påskeafta, so ser eg fram til oppvask i steinvasken min! Det blir sikkert billeg i lengden =)

  13. eies Seier:

    Det flytande stoffet som fjernar sprittusj, bør berre brukast utandørs. Så det er uaktuelt å bruka på ein kjøkkenbenk som eg reknar med står innandørs.
    Så har eg fått tak i ein kvit svamp, truleg same sort som vert kalla Superpadder. Den skal kun fuktast med kaldt vatn, og skal visstnok vera fantastisk.
    Skal eg leggja han på ein bjelke i Postkassehuset, så kan dei som ynskjer det låna han? Er det ok?
    Som de ser har eg lagt ned ein del i sprittusjproblemet dykkar (som visstnok ikkje er noko problem likevel), so… :-/

  14. PK Seier:

    Dette med blogging har spreidd seg fortare enn Svartedauden gjorde på våre kantar, men i motsetnad til sjukdommen skapar bloggingi liv og røre.
    Fint å sjå at “eies” vandrar lett og elegant frå reinsdyr til sprittusj. Eg skal prøve det same, men ser at vandringa ikkje er like elegant: Det einaste som heilt sikkert fjernar sprittusj frå disken er ein vinkelslipar.

  15. eies Seier:

    No har eg lagt Superpadda i ein plastpose oppå ein 2×4, over postkassen vår (ESE), litt til høgre. Det ligg ei liten stein oppå, steinen er eigentleg ein bit sement. Det er for at ikkje vinden skal blåsa posen vekk. Berre ta Superpadda og bruk ho den som treng ho. Men ikkje kødd med ho. Bruk ikkje varmt, men KALDT vatn på padda. Eg skal ikkje bruka ho, og skal ikkje ha pengar eller noko anna for leiga. Det er forresten PK som har bygd Postgirobygget. Men fjerning av tusj har han ikkje greie på :-(

  16. Marit Seier:

    dette med sprittusj er eg ikkje så oppteken av. Men finst det verkeleg fleire ullvaskemiddel? Eg trudde det berre var Milo (og noko økopøkogreier dei sel i Oslo) Alt ein lærer av blogg. (Magnus B nyttar forresten slik swiffer svamp til å reingjere joggeskoa sine, kanskje det er bra for tusj)

  17. rypa Seier:

    Han er kul, denne kombinasjonen av den virtuelle og røynlege verda som Eies står for! Minner meg om NRK S&Fj sine sommartevlingar på radio: Ein rebus vert lesen opp på lufta og så skal nokon på ein gjeven plass i fylket ut på leiting for å finne ei overrasking. Ja, tek eg ikkje feil så var det FRU Eies som fann NRK-skatten i Europasvingen ein gong han var i Jostedalen! I morgon skal eg iallfall på jakt etter Padda Sifadda, eg skal berre fyrst finne ut kva ein 2×4 er.

    Herregud Marit, ignorant. Det finst like mange ullvaskemiddel som barneullkledeprodusentar – Nøstebarn, td, har sitt eige, og du kan kjøpe eit eksklusivt tysk merke på gardsbutikken til Bugge på Ornes. Så veit du det! Men SINTEF hadde ei gransking for ei stund sidan, og der kom Milo faktisk best ut. Heia Vegard Ulvang!

    Eg hadde tenkt å lage ei liste over dei i Jostedalen som mest truleg drit aller mest i blogging. Eg hadde tenkt å setje Peder fyrst på den lista. Og so pika! Kven andre enn Pedderen skriv bloggkommentar! Verda står til påske, og det er jo igrunn prova på anna vis og, no nyss.

  18. eies Seier:

    Personleg meiner eg at det desidert beste ullvaskemiddel er vanleg grønnsåpe.

  19. eies Seier:

    Eg er litt usikker på om eg står for ein kombinasjon av ei virtuell og røynleg verd. Men om eg ikkje heilt veit kva det betyr, så verkar det kult. Så det er heilt ok. :-)

  20. eies Seier:

    Ein 2×4 er ei planke eller ein boks med eit tverrsnitt på 2tommar x 4tommar. Tommar og fot sa dei før, no har me gått over til cm, mm osb. Men ingen snekkar seier/sa: “Eg skal ha ei 2 x 4 tommar”, eller noko slikt. Dei sa: “Gi meg ein tofir!”

  21. PK Seier:

    Takk for fyrsteplassen, rype!
    Du hadde truleg rett, men eg må vedgå at denne ordningi med kommentarar på alle bloggar gjer det hundre gonger meir tiltalande, til og med for meg. Trudde aldri at eg skulle få vere med i ein følgjetong der eit hovudtema er tusjmerke på disken.


Legg att eit svar