Ordet går

april 12, 2007

Ryktet om rypebloggen har tydelegvis spreidd seg langsetter aksen Bukve-Gjerde-Gaupne-Nes-Tallin, og det er eg særs nøgd med. Eg er mindre nøgd med at bloggen framleis er ganske lite på stell – eg ventar på at han i huset som likar å lese brukarrettleiingar (frå skimannen og ronny) skal rettleie meg fram til årningsmårnings.

I går figurerte eg i heilfigur over ei heil føkkings side i vår alles Sogn Avis. Det var i overkant, tykkjer eg. Eg såg ut som eg var meir enn ein halv gong så stor som han onkel Olav på same biletet, og bjørnen i bakgrunnen (Mette) var som ei lita mus. Moral: Ikkje bruk brunt belte til svarte skor dersom du har planar om å stå fram med mage- og bekkenregionen som mest dominerande kroppsdel på eit monsterbilete i lokalavisa.

Og når me snakkar om kroppsdeler: Kom dykk på korgballtrening! Tysdagar frå CIRKA halv åtte. Me held no på utover våren, reknar eg med.

Ei tilbakemelding til “Ordet går”

  1. egg Seier:

    Borgindene føl ogmed på det som skjer.


Legg att eit svar