No har me tre på to. Øyvind tok sine fyrste steg i dag, vel 10 månader gamal.
Moro det, men han er vorten bresen, ifylgje mimmi (bestemor mi). No skrik han i minst 20 minuttar kvar kveld når han vert lagd, så vaknar han rundt midnatt og er VELDIG vaken og då er det ikkje anna bøn enn å stå attmed sprinkelsenga og nynne/mumle og stryke på kjaken til han sovnar (det kan fort ta 2-3 timar). Dersom eg då, av utmatting, fell saman på golvet, dvs på den madrassen me har lagt attmed senga han, så sprett han opp som ein snurre og skrik som satan. Stå lent over senga mi og pust meg ned i andletet, di merr!!!, skrik han (trur eg), og slik vert det.
Ungar er ikkje for pyser, det vil eg berre ha sagt.
april 14, 2007 kl. 8:00 pm
Når han vaknar rundt midnatt, ta han inn i senga dykkar so somnar han på 5 min.
april 14, 2007 kl. 8:56 pm
For ei stund sidan oppmoda du folk til å lage ungar, var de i JSA eller i SA, og no skremme du dei vekk frå å gjera de. Kor er logikken her???
april 14, 2007 kl. 9:16 pm
Ikkje so eplekjekk, du toborns-TT. Kven har mest røynsler her, du eller eg? Solid empiri fører til fylgjande konklusjon: Heller ein spelvaken galning i si eiga seng enn ein spelvaken galning i vår seng.
Eg tek poenget til Hellebøen. Men korkje han, Skimannen, brodern, SteinarB, PK, Bitteliti, kyrabonden på Gjerde eller andre av dalens mest profilerte barnlause er kjende for å vere pyser. Difor har eg mitt på det turre, og kan trygt tilrå reproduksjon. Gjerne med kvarandre.
april 15, 2007 kl. 10:57 am
Hmmm…er eg kyrabonden på gjerde? Eg tenkte eg var budeie?? HAHA
Kanskje me e so tøffe nettopp fordi me ikkje ha unga???? ( og kva betyr det at me er “profilerte barnlause”?),. Nei, dette må me greie meir ut om:)
april 15, 2007 kl. 11:14 am
Hei Eli og grattis med blogg! Eg tykkjer du fyller han godt med substans, eg! Det er fint for oss wannabe-vestlendingar å lesa om stort og smått der i vest – no skal eg halda meg oppdatert.
Eg har alltid sagt at det er viktig at bra folk får ungar (dei får ofte berre ein eller ingen, verkar det som). Det er difor bra at de både får to og tre. Kom gjerne med fleire solskinshistorier om dei små, så kanskje det fører til spontan folkevekst.
april 16, 2007 kl. 10:20 am
Høyrest ut som idylliske kveldstimar på Haugamyrane =) Eit tips dei sa på “SOS barnevakten” for ongar i alle aldrar som ikkje ville sove: fyrst snakke roleg og greit til fyrste gongen det blir skriking: no er det natt – sov godt – eller whatever, andre gongen litt strengare – No skal me sove – åsso dei påfølgjande gongene berre breie på dyne og ikkje seie eit plukk. Ungå å gi oppmerksomheit.. Ikkje veit eg om det hjelp – eg har berre hund og mann og EG sovnar lenge før eg treff puta. So det so. Elles vil eg seie at det er bra at du får i gong nokre diskusjonar om ting og tang! Hurra for internett =)
april 16, 2007 kl. 9:27 pm
Jaudå Anki, been there, done ALL that. Men det kjem seg. Sist natt sov han i eitt strekk frå 20.00 til 06.18. Det var guten sin!
Synd då at Tora (3) fekk trassanfall og heldt det gåande frå 01.21 til 03.07.
Eg er ingen røynd bloggar, men eg har iallfall tenkt at ein blogg ikkje kan vere plassen for taktiske krumspring. Ærlegdom varer lengst (eller korleis det no vert på nynorsk), og ærleg tala er det heilt jævleg å ikkje få sove. Dei som vil lese solskinshistorier om beibiar, kan til dømes gå på bloggen til skrivarloftet pratmakeri, skrivarloftet.blogspot.com.
Taktisk er det vel heller ikkje å kalle nokon for profilert barnlaus, men kom an, kyrabudeia: Hugsar du din eigen påskerevysketsj, eller? Dessutan er mest alle i bre-/fjell-/og friluftsmiljøet hier im Tal profilerte barnlause per def, fordi dei:
- ofte er over 30
- ofte har type/dame
- evt har absolutt ingen problem med å få seg det
- ofte har gode gen
- ofte har hund (altså omsorgsevne)
- ofte bryr seg om dalens ve og vel (på sikt tyder det born)
Fy fakerten, som eg elskar lister!
april 18, 2007 kl. 6:50 am
Haha:D Lister er bra! Men eg kan berre svare ja på den siste!