Møte med foreldre

april 17, 2007

I kveld var det foreldremøte i barnehagen. Der er når eg sit der i lukta av ungane våre, det er kaffi, te og sjokolade, det er når eg har staute karar som Geir Vidar og Magnus på mi venstre side og rappkjefta fnisefedre som Morten og Olav A på mi høgre og når eg har gjennomtenkte damer som Bente og Randi og verdas beste førskulelærarar AnneK og Oddbjørg der, og drøset går, det er då eg veit eg har valt rett her i livet.

7 kommentarar til “Møte med foreldre”

  1. kjellrun Seier:

    hmmm…..eg les nett bloggen til han som har heimekontor 7 meter frå deg. rett og rett fru blom. jesssssssssssssphhhh!!!!!!:-)

  2. Oddmund Seier:

    Som eg annonserte i fyrste melding: dette kan bli langdryge saker. Og verre skal det bli. Berre vent til språkhistorieartiklane mine kjem.

  3. Karin Seier:

    Eg tykkje detta her e artigt ,eg:D So det so:)

  4. rypa Seier:

    He he, frekke-kjellis! Eg meinte rett val av bygd, ikkje mann. På den andre sida trur eg nok at eg har gjort rett val av mann òg. Kven andre enn meg og Kjellrun vil vere med i tevlinga “Kven har den mest gøyale mannen”?

  5. anki Seier:

    Jammen finne de jostedals-frøkenar på mykje løge slek midt i vekene =)

  6. Karin Seier:

    Har ikkje mann! Og når fellesfjøsen kjeme på Hesjevollen so treng eg det ikkje heller:D

  7. rypa Seier:

    Det vert gode greier med sædbank på Hesjevollen. Og dessutan er eg frue, Anki.


Legg att eit svar