I det aller fyrste blogginnlegget mitt spurde eg kven pokker Anne Viken var. Då visste eg sjølvsagt noko: At ho er ein surmulande nynorskkamikazejournalist i avisa Klassekampen. No veit eg meir: At ho er frå noksagtkommunen Gaular. Derfrå har det aldri kome mange gode hovud, det skal eg love dykk.
Vel, Anne Viken ser ut til å ha som livsprosjekt å diskvalifisere alle som 1) skriv nynorsk, men som ikkje byrja med det ved fødselen, og 2) ikkje skriv nynorsk nett slik som ho sjølv gjer.
Viken har lenge fortent eit svar i avisa med den ikkje veldig imponerande tilsetjingspolitikken, så i dag har det kome eit innlegg frå meg, Marit frå Gaupne og Hege frå Sandane. Det skal finnast her.
Og lyder slik:
Nynorsk realitetssjekk
Klassekampen 19.04.2007
Eli Bjørhusdal, Hege Lothe og Marit Tennø
Anne Viken har i fleire tekstar i Klassekampen bede om ein realitetssjekk for nynorsken og målrørsla.
Ho presenterer sjølv fylgjande «realitetar»: Folk som byter frå bokmål til nynorsk (konvertittar), skriv ein meir tradisjonell nynorsk enn dei som har skrive nynorsk heile livet. Norsk Målungdom skriv tradisjonell nynorsk. I Målungdomen er det stort sett konvertittar. Målungdomen, konvertittar og tradisjonell nynorsk er til skade for den «vanlege» nynorskbrukaren, dermed òg nynorsken. Anne Vikens empiriske grunnlag for desse påstandane ser ut til å vere: Ho er sjølv ei herleg uforfalska sunnfjordjente, og ho har vener og kjende som meiner det same som henne.
Vi tre er aktive medlemer i Noregs Mållag, to av oss har tidlegare hatt sentrale verv i Norsk Målungdom. Vi har alle vakse opp i nynorske kjerneområde, to av oss i Sunnfjord/Nordfjord. Vi har budd fleire år i dei største byane i Noreg før vi flytte til Sogn og Fjordane. Ettersom våre personlege røynsler ikkje heilt fell saman med Anne Vikens, tillet vi oss å setje spørsmålsteikn ved premissane for «analysen» hennar.
Kvar finst det dokumentert at konvertittar generelt sett skriv ein meir tradisjonell nynorsk? Kvar finst det dokumentert at det er den tradisjonelle nynorsken som får nynorskelevar til å byte til bokmål? Svara på desse spørsmåla er naturlegvis: Dette kan ikkje dokumenterast, for det stemmer ikkje.
Kan vi få be om at Anne Viken føretek ein realitetssjekk? Realitetane er elles godt dokumenterte i den omfattande forskingslitteraturen om språkskifte.
Anne Vikens gullegg er påstanden om at språk ikkje er politikk, men rein og pur kommunikasjon. Jau, det er rett at dei aller fleste nynorskskrivarar ikkje har nynorsk som politisk prosjekt. Men av dette kan ein sjølvsagt ikkje slutte at språk ikkje er politikk.
Nynorsk vert i dag brukt av 600 000 menneske over heile landet. I Sogn og Fjordane står nynorsken klart sterkast. Alle i fylket vårt møter nynorsk i løpet av dagen – anten det er på fylkesradioen, i lokalavisene, i skulen, hjå røyrleggjaren, på ferja eller på doveggen. Dersom det hadde vore rett at språk ikkje er politikk, burde nynorskelevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane automatisk få lærebøker og dataprogram på nynorsk. Slik er det ikkje. Derimot har elevane sidan 1970-talet kjempa for nynorske lærebøker – og sidan slutten av 1990-talet har dei delteke i fleire kampanjar for nynorske læremiddel, for nynorske dataprogram og for nynorsk i pressa.
At det no er «naturleg» å velje mellom nynorsk eller bokmål på pc-ar i den vidaregåande skulen er altså eit resultat av at somme meiner språk er politikk – viktig politikk. At nynorsken kjennest sjølvsagd, naturleg og «upolitisk» for mange, er ein konsekvens av at andre har vore opptekne av språkpolitikk i praksis. Men det høyrer òg med til historia at det finst ei stor latent språkpolitisk interesse – når det hardnar til om læremiddel eller nynorsk i media, er det i nynorskområde som Sunnfjord ein finn den største støtta til målrørsla. Det er òg i Sogn og Fjordane ein finn den mest levande debatten om nynorsken sitt ve og vel – det er Anne Viken sjølv eit døme på.
Dei 100.000 nynorskbrukarane i Sogn og Fjordane ser på nynorsken som kommunikasjon, men språket gjev òg identitet. Anne Viken kallar seg nynorsking. Vi er òg nynorskingar. Ingen bokmålsbrukarar kallar seg bokmåling. Ved å kalle seg nynorsking har Anne Viken har akseptert ein del av grunnsynet i målrørsla – at språk er meir enn kommunikasjon. Kva med ein indre realitetssjekk, Viken?
april 19, 2007 kl. 5:24 pm
Til lukke med blogg! Kjekt å vita om. Det såg ut på eitt av svara her som om Oddmund har ein òg? Kva er adressa dit?
Men det eg eigentleg skulle seia, var: Strålande innlegg! Bra de tek frøken Viken på alle viktige punkt!
april 19, 2007 kl. 6:44 pm
*ståande ovasjonar* karin hoppar og klappar! Bra skrive
april 19, 2007 kl. 6:51 pm
No vart eg veldig stolt – for no ser det ut som at eg også har kome med eit bidrag til bloggen din. Fin-fint!