Fest for Frode

april 22, 2007

I går kveld var det førtiårsfest for Frode Breførar på Bretun. Eg skulle berre innom. Eg skulle berre levere ei kake. Eg hadde berre tenkt å ta eit glas gin&sitronbrus (til neste gong, og det er lenge til, veit eg at Kjellrun har tonic). Eg drakk ikkje kaffi til kakene, fordi eg skulle heimatte og leggje meg tidleg. Eg skulle ikkje stå ute og snakke med røykarane, for eg var så tunnkledd. Ja, slik kan det gå. Heime att klokka halvtre og ein veldig fin dag i dag. Men fytti så gøy det var.

3 kommentarar til “Fest for Frode”

  1. KG Seier:

    Var ein flotte fest,ja:D. Det er enkelt å bli sugd inn i festivitasen sjølv om ein ikkje har planlagt det, og det er lett å holde seg vaken utan kaffi når ein er i godt selskap:D

    Detta var eit heilt uskuldigt og usakleg innlegg på ein artig blogg…For etter å ha lese dei diskusjonane som er på Villreinbloggen føler eg at eg må presisere dette. Haha… Eg skriv i regi av meg sjølv som privatperson,dvs. ikkje som medlem av turistnæringa, ikkje som bonde, ikkje som naturvernar og ikkje eingong som Jostedøl! Dei hissa jo seg slek opp dissa karane på den bloggen:D Då er det fint å kunne skrive go`kommentarar her! Men det skal no seiast at dalen sine største kverulantar ikkje kommenterar so ofte på bloggen din:D

  2. PK Seier:

    KG: Villreinbloggen er litt vill, men eg trur innlegga er uskuldige likevel. Det meste ser ut til å vere rein skrivetrening.
    Kvar blogg sin profil, seier eit gammalt jungelord.

  3. KG Seier:

    Haha:D – Eg trur eg overlever! Eg hissar meg opp eg også, men trur ikkje eg ska gje meg inn på diskusjonar med dykk dar inne… Då må eg skjekke at alle “fakta” eg har i hovudet mitt om diverse saker er korrekte:) Og å gå so langt so å innrømme at eg har feil, eller bli motbevist, er eg ikkje psykisk klar endå for sjølv om eg er gamal dame vorten…I tillegg so er det vorte innprenta i oss jentene på Gjerde at me skal vere “venner” med alle fordi me har kafe:D hehe .
    Eg trur no at de karane so er flinkast til å kverulere er siviliserte når det møter på kvarandre ute i det verkelege liv:D


Legg att eit svar