Endeleg nokon i Jostedalen som bloggar om anna enn ski, fjell og turar, spør de meg! Og det gjer de jo no. For framtida er de alle inviterte til dei store spørsmåla i Krundalen: Kva for ullvaskemiddel er best? Kvifor et ikkje fleire småbarnsfamiliar middag på kafeen på sundagar? Kvifor får me ikkje fartshumpar i Krundalsvegen? Kva gjer ein med sprittusj på ubehandla kjøkentrebenk? Kven pokker er Anne Viken?
Og her høyrer me brøytetraktoren fer forbi i denne augneblinken. Kven hadde trudd det?