No byrjar det å flaske seg. Rypebloggen er no der han skal vere:
jostedalsrypa.no. Der du er no, kjem ingen nye meldingar.
Arkiv for 'Uncategorized'Kategori
Nytt liv for bloggen
april 24, 2007Fest for Frode
april 22, 2007I går kveld var det førtiårsfest for Frode Breførar på Bretun. Eg skulle berre innom. Eg skulle berre levere ei kake. Eg hadde berre tenkt å ta eit glas gin&sitronbrus (til neste gong, og det er lenge til, veit eg at Kjellrun har tonic). Eg drakk ikkje kaffi til kakene, fordi eg skulle heimatte og leggje meg tidleg. Eg skulle ikkje stå ute og snakke med røykarane, for eg var så tunnkledd. Ja, slik kan det gå. Heime att klokka halvtre og ein veldig fin dag i dag. Men fytti så gøy det var.
Today, Klassens avis
april 19, 2007I det aller fyrste blogginnlegget mitt spurde eg kven pokker Anne Viken var. Då visste eg sjølvsagt noko: At ho er ein surmulande nynorskkamikazejournalist i avisa Klassekampen. No veit eg meir: At ho er frå noksagtkommunen Gaular. Derfrå har det aldri kome mange gode hovud, det skal eg love dykk.
Vel, Anne Viken ser ut til å ha som livsprosjekt å diskvalifisere alle som 1) skriv nynorsk, men som ikkje byrja med det ved fødselen, og 2) ikkje skriv nynorsk nett slik som ho sjølv gjer.
Viken har lenge fortent eit svar i avisa med den ikkje veldig imponerande tilsetjingspolitikken, så i dag har det kome eit innlegg frå meg, Marit frå Gaupne og Hege frå Sandane. Det skal finnast her.
Og lyder slik:
Møte med foreldre
april 17, 2007I kveld var det foreldremøte i barnehagen. Der er når eg sit der i lukta av ungane våre, det er kaffi, te og sjokolade, det er når eg har staute karar som Geir Vidar og Magnus på mi venstre side og rappkjefta fnisefedre som Morten og Olav A på mi høgre og når eg har gjennomtenkte damer som Bente og Randi og verdas beste førskulelærarar AnneK og Oddbjørg der, og drøset går, det er då eg veit eg har valt rett her i livet.
Og sonen går!
april 14, 2007No har me tre på to. Øyvind tok sine fyrste steg i dag, vel 10 månader gamal.
Moro det, men han er vorten bresen, ifylgje mimmi (bestemor mi). No skrik han i minst 20 minuttar kvar kveld når han vert lagd, så vaknar han rundt midnatt og er VELDIG vaken og då er det ikkje anna bøn enn å stå attmed sprinkelsenga og nynne/mumle og stryke på kjaken til han sovnar (det kan fort ta 2-3 timar). Dersom eg då, av utmatting, fell saman på golvet, dvs på den madrassen me har lagt attmed senga han, så sprett han opp som ein snurre og skrik som satan. Stå lent over senga mi og pust meg ned i andletet, di merr!!!, skrik han (trur eg), og slik vert det.
Ungar er ikkje for pyser, det vil eg berre ha sagt.
Ordet går
april 12, 2007Ryktet om rypebloggen har tydelegvis spreidd seg langsetter aksen Bukve-Gjerde-Gaupne-Nes-Tallin, og det er eg særs nøgd med. Eg er mindre nøgd med at bloggen framleis er ganske lite på stell – eg ventar på at han i huset som likar å lese brukarrettleiingar (frå skimannen og ronny) skal rettleie meg fram til årningsmårnings.
I går figurerte eg i heilfigur over ei heil føkkings side i vår alles Sogn Avis. Det var i overkant, tykkjer eg. Eg såg ut som eg var meir enn ein halv gong så stor som han onkel Olav på same biletet, og bjørnen i bakgrunnen (Mette) var som ei lita mus. Moral: Ikkje bruk brunt belte til svarte skor dersom du har planar om å stå fram med mage- og bekkenregionen som mest dominerande kroppsdel på eit monsterbilete i lokalavisa.
Og når me snakkar om kroppsdeler: Kom dykk på korgballtrening! Tysdagar frå CIRKA halv åtte. Me held no på utover våren, reknar eg med.
Jostedalsrypa
april 10, 2007Jostedalsrypa er ikkje ein flopp. Somme jostedøler vart leie seg etter at eit par arkeologar fann ut at vitle rjupa likevel ikkje var åleine i dalen den gongen på 1300-talet. Men det er ingen grunn til å deppe – Jostedalsrypa lever i beste velgåande som myte og segn. At det vart ein del presse kring henne og Jostedalen i kjølvatnet av forskingsfunna for eit par veker sidan er jo elles slikt som jostedøler kan like. Ikkje ein dag utan Jostedalen i Sogn Avis!
Mange vil kanskje hevde at eg er sjølvoppteken nok til å karakterisere meg sjølv som ei rype, men det er no ein gong slik at eg grabba til meg domenet og firmanamnet Jostedalsrypa for eit par år sidan. Domenet er enno ikkje i bruk, og for den del ikkje einmannsføretaket heller – sjølv om eg har fått mang ein reklamepenn i posten inngravert “Jostedalsrypa Eli Bjørhusdal”. Men berre vent, eg skal koma um inkje so braatt. Og no er altså Jostedalsrypa etablert som bloggnamn. Så gjeld det å etterfylle med substans. Det er ei utfordring for mange bloggarar, og det skal eg kome attende til.